Sist oppdatert 16. oktober 2026.
Informasjonskapslar og annonsemåling
Psykolog Heidrun Skjåk AS bruker Google Ads for å vise annonser for praksisen på Vinstra. Her kan du lese om måling på nettsida og velje om du vil tillate dette.
Du vel sjølv
På sidene om psykolog på Vinstra og parsamtalar på Vinstra ber vi om samtykke til annonsemåling. Du kan velje «Avslå» eller «Tillat måling». Telefon- og e-postlenkene fungerer uansett kva du vel.
Kva blir målt?
Dersom du tillèt måling, registrerer vi klikk på telefon- og e-postlenkene på desse to sidene som eigne hendingar i Google Ads. Dette hjelper oss å sjå om annonsane fører til interesse for å ta kontakt. Eit klikk er ikkje ei stadfesting på at du har ringt, sendt e-post eller bestilt time.
Google kan i samband med annonsemåling behandle opplysningar som nettadresse, tidspunkt, IP-adresse, informasjon om nettlesar og eining og identifikatorar for annonseklikk og informasjonskapslar. Vi legg ikkje inn meldingstekst, opplysningar om behandling eller kontaktopplysningane dine i desse klikkhendingane. Annonsetilpassing og Google Signals er slått av i målingskoden på desse sidene.
Google-taggen bruker samtykkemodus. For besøk frå Noreg og resten av EØS er samtykket avslått som standard. Google kan då framleis få avgrensa tekniske signal utan å lagre annonse- eller analyseinfokapslar. Dei to eigne kontaktklikkhendingane blir berre sende når du har valt «Tillat måling».
Kva blir lagra i nettlesaren?
- Samtykkeval: Informasjonskapselen
hs_ads_consent_v1hugsar «tillat» eller «avslå» i opptil 180 dagar. Han inneheld ikkje namn eller kontaktopplysningar. Dette gjer at du slepp å svare på nytt når du går mellom sidene. - Annonsemåling: Etter samtykke kan Google bruke annonsemålingskapslar, mellom anna kapslar med namn som byrjar med
_gcl_, for å knyte annonseklikk til handlingar på nettsida. Informasjon om Google sine kapslar og lagringstider finn du i Google si forklaring om informasjonskapslar.
Endre eller trekkje tilbake samtykke
Bruk «Val for informasjonskapslar» nedst på ei av landingssidene, eller knappen ovanfor. Når du vel «Avslå», blir vidare kontaktklikkmåling stoppa, og målingskoden prøver å fjerne Google Ads-kapslar som nettsida kan slette. Valet gjeld også når du kjem tilbake. Du kan i tillegg slette informasjonskapslar i nettlesaren.
Google og kontakt med praksisen
Google er leverandør av annonsetenesta. Les meir om korleis Google bruker informasjon frå nettsider som nyttar Google-tenester og Google sine personvernreglar.
Har du spørsmål om bruken av informasjonskapslar på nettsida, kan du kontakte Psykolog Heidrun Skjåk AS, Strandgata 33B, 2640 Vinstra, telefon 476 45 401 eller psykologhs@online.no. Ikkje send sensitive helseopplysningar i vanleg e-post.